• Narrow screen resolution
  • Wide screen resolution
  • Auto width resolution
  • Increase font size
  • Decrease font size
  • Default font size
  • default color
  • red color
  • green color

NB24.no

fredag
12
mar
Forsida arrow Ingresser arrow Staten stør Sørstokken på Stord
Staten stør Sørstokken på Stord
Skrevet av redaksjonen   
torsdag 04. februar 2010

Avtalet om driftstilskot til Stord lufthamn
Frå underteikninga av avtalen. Styreleiar Jon Kund (i midten) i Sunnhordland lufthavn as underteiknar avtalen saman med Bømlo-ordførar Inge Reidar Kallevåg og samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa. Foto: Samferdsledepartementet.
Stord lufthamn er sikra drift i fem år framover. Staten stiller i denne perioden kvart år opp med inntil 12 millionar kroner i tilskot til drift av lufthamna.

Tryggleik for drift
Samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa underteikna avtalen i dag. Ho seier at lufthamna er viktig for busetnad og næringsliv.

– Dei aller fleste næringslivsreisene mellom regionen og Oslo skjer no frå Stord lufthamn. Med denne avtalen får folk og næringsliv i regionen tryggleik for at drifta er sikra for ein lengre periode, seier statsråden.

12 millionar i året
Avtalen sikrar eit årleg tilskott til drift av lufthamna på inntil 12 millionar kroner, og gjeld fram til utgangen av 2014.

Stord lufthamn har til no hatt statleg tilskott til AFIS, som er eit system for flygeinformasjonstenester. Den nye ordninga inneber at staten er med på å ta eit økonomisk ansvar for drifta av flyplassen, samtidig som tilskotet til AFIS vert førd vidare både for Stord og for dei andre ikkje-statlege lufthamnene som har slik støtte i dag.

Sist oppdatert ( lørdag 06. mars 2010 )
 
 
 
Hoteller
Thons nye hotell i Brussel Thon blant Brussels tre største Om to år åpner Thon sitt femte hotell i Brussel. Da vil den n...
 
Reisebyråer
Marked i Heraklion Halve høstferien solgt Mens andre knapt er kommet til vinterferien, er mange rogalendinger forle...
Traxx Travel
Alt om Traxx-konkursen Alt om Traxx-konkursen Dette er alt NB24.no har skrevet om konkursen i World Travellers/Traxx Tr...
     
 

Søk på nb24.no og nettet

Søk etter telefonnummer nederst på sida!